Eg gjekk meg ut ein morgon tidleg
og anda inn den svale vind
Kven annan såg eg enn fager jenta
med mjuke liljekvite kinn
Eg stogga henne og blidt eg spurde
Sei vil du vera ein sjømanns viv
Å nei god herre eg vil heller vente
Kva gjer deg annleis enn alle andre
Kva gjer deg annleis enn alt som er
Så ung og fjåg så fin og fager
Du kan ekte meg om du har meg kjær
Å nei god herre eg kunne vore
For tre år sidan i ektestand
Men min John Riley drog or landet
Og eg ber enno sorg for han
Far bort med meg og gløym din Riley
Far bort med meg til ei framand strand
Så set vi segl for Pensilvani
Far vel for alltid til Engeland
Eg fer kje med deg til Pensilvani
Eg fer kje med deg til framand strand
Om aldri meir eg får sjå min Riley
Rett aldri gløymer mitt hjarta han
Då han no såg at ho var trugen
Då tok han henne i famnen inn
Eg er den Riley som sårt du sakna
Den lengde sørgde kjærvenen din
Om du er han og ditt namn er Riley
Då fer eg med deg til framand strand
Så set vi segl for Pensilvani
Far vel for alltid til Engeland
Dei knytte band med hug og hjarta
Til kyrkja gjekk dei hand i hand
Og segl dei sette for Pensilvani
Og levde sælt i ektestand