LyricFind Logo
LyricFind Logo
Profile image icon
Lyric cover art

Ståle Storli

Apple Music logo
Deezer logo
Spotify logo
Lyrics
Her ligg meg stein i vegen,
og skodd for augo driv.
Farvel kvart glede-minne,
som meg i hugen riv!
Å aldri, aldri meir,
eg tykkjer vinden yler til meg frå villan hei.

Kvi lær du, blom, mot soli?
Du stend i grus og stein,
og snart vil snø og kulde
deg gjeva livsens mein.
Å aldri, aldri meir
eg skal i verdi skoda mi gjente snål og grei.

Kvi syng du, fugl, og byggjer på gamle grunnar glad?
Farvel! Snart kjeme hausten og jagar deg avstad.
Å aldri, aldri meir
skal eg i bygdi ferdast den kjende vega-leid.

Sjå ørni sviver yver og krøkjer kvasse klo.
Farvel! For meg du gjerne må metta deg med blod.
Å aldri, aldri meir
eg kliv i Storlifjellet og røvar dine reir.

Der burtpå støylen høyrer eg dans og felelåt.
Farvel! Du tidsnok finne at bakom alt er gråt.
Å aldri, aldri meir
med ungdom kåt eg samlast til dans på Storli-skeid.

Burt alle glede-minne!
De gjer meg berre mein,
som såre foten gjev seg for kvar den minste stein.
Å aldri, aldri meir
Dei ordi syng for øyra mi heile livsens leid.

WRITERS

Ørjan Matre, Vidar Skrede, Trad.

PUBLISHERS

Lyrics © 2L (LINDBERG LYD)

Share icon and text

Share


See A Problem With Something?

Lyrics

Other

From This Artist