LyricFind Logo
LyricFind Logo
Profile image icon
Lyric cover art

Brevet

Apple Music logo
Deezer logo
Spotify logo
Lyrics
Eg sit i kveld og skriv til deg
Og kjenner orda spire
Men enno står det berre eitt
Og lyser på papiret

Eit kjære berre står det her
Eg må vel finne fleire
Men vide flakkar tankane
Som fuglar kringom reiret

Det er så mangt eg skulle sagt
Fortenkt eg sit ved bordet
Og tenkjer kanskje er det nok
Med dette eine ordet

Eg ynskjer deg kvarhelst du bur
Langt burte eller nære
At du kan kjenne varmen frå
Det vesle ordet Kjære

WRITERS

Jan Zachrisson, Mikael Selin, Sanken Sandqvist

PUBLISHERS

Lyrics © BMG Rights Management

Share icon and text

Share


See A Problem With Something?

Lyrics

Other

From This Artist